Loading…
Sunday November 3, 2024 10:15 - 11:00 PST
– Pressa i Israel gjer ikkje jobben sin i Gaza-krigen, og har teke rolla som heiagjeng for hæren.

Det meinte den israelske fotojournalisten Anat Saragusti då ho blei intervjua av NRK- Dagsrevyen i februar.

Saragusti er ei av få opne kritikarar av måten israelske medium dekkjer Gaza-krigen på. I 25 år jobba ho som journalist i Gaza og var mellom anna korrespondent for ein av dei leiande tv- kanalane i Israel. Ho meiner innsatsen til soldatane pregar det israelske nyheitsbiletet, utan at lidingane til palestinarane i Gaza kjem fram.

Saragusti er rekna som første kvinnelege krigsfotograf i Israel, ho har vore produsent, nyheitsredaktør og skriv no mellom anna kronikkar i avisa Haaretz. Saragusti er utdanna jurist og oppteken av pressefridom og menneskerettar. Ho kjem til Hauststormen direkte frå ein paneldebatt i FN-regi i Geneve.

I samtale med den erfarne Midtausten-journalisten Sidsel Wold, utdjupar ho synet på pressedekninga av Gaza-krigen og den siste utviklinga i regionen elles.
Moderators Speakers
avatar for Anat Saragusti

Anat Saragusti

Fotojournalist
Sunday November 3, 2024 10:15 - 11:00 PST
The Music

Attendees (2)


Sign up or log in to save this to your schedule, view media, leave feedback and see who's attending!

Share Modal

Share this link via

Or copy link